Samarbeid

Prosjektet "Munnleg historie for alle" er eit samarbeid mellom Memoar, Norsk Folkeminnesamling ogf Norsk etnologisk gransking. 
  • Memoar har hovudansvaret for gjennomføring. Hovudkontoret er i Bergen, og derifrå reiser staben ut til delprosjekt og samarbeidstiltak over heile landet.  Prosjektleiar er Line Førere Grønstad. Ein prosjektmedarbeidar til vil bli tilsett i løpet av august månad. Leiar av Memoar, Bjørn Enes, vil også arbeida i prosjektet (dei fyrste månadane vil han vikariera for Line)
  • Norsk Folkeminnesamling (NFS) er det faglege forankringspunktet for prosjektet.  Fagansvarleg for NFS,  Line Esborg  er leiar av  styringskomiteern.  Alt innsamla materiale blir avlevert til Norsk Folkeminnesamling gjennom innsamlingsverktøyet Minner.no
  • Norsk etnologisk gransking (NEG) er det andre forankringspunktet  i institusjons-Noreg.  Leiaren der, Audun Kjus, er også medlem av styringskomiteen.  Det er også NEG som utviklar Minner.no for museumssektoren i Noreg. 
Utanom dei som er direkte involvert i prosjektet, legg me stor vekt på å samarbeida med fagmiljø og organisasjonar som har kompetanse og erfaring på same folt som me arbeider. Det gjeld mellom andre: 
Regionale og lokale delprosjekt: 
I løpet av prosjektperioden (august 2019 til juli 2022) tar me sikte på å bygga opp eit stort nettverk av samarbeidspartnarar innan frivillig sektor (historielag, fortidsminneforeningar, museumslag, mållag osb), museumssektoren, bibliotek, arkiv og skular og andre profesjonelle og frivillige som arbeider med munnleg historie eller minnekultur i Noreg. Som hovudregel vil kvart delprosjekt få sine eigne nettsider.  så langt er fylgjande delprosjekt under utvikling: 



Undersider (1): Bjarte Sindre
Comments