Om prosjektet

Munnleg historie for alle: 
Alle som er interesserte i immateriell kulturarv er no velkomne til samarbeid om innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av munnleg kjeldemateriale om vår tid og manns minne. 

Med solid støtte frå Sparebankstiftelsen DnB skal Memoar samarbeida med frivillige og profesjonelle over heile landet og kurs, intervjuinnsamlingar, dokumentasjons- og formidlingsprosjekt. 

Mest aktuelle samarbeidspartnarar er:
  • historie- og sogelag, 
  • fortidsminneforeiningar, 
  • museumslag og veneforeiningar, 
  • mållag 
  • og liknande frivillige organisasjonar, 
  • Musé, bilbiotek og arkiv, 
  • skular  og andre utdanningsintstitusjonar

Ta gjerne kontakt for å lansera samarbeidsidear!
 

"Stille start" 1. august 2019:
Om prosjektet
Prosjektleiar og Memoarstaben starta prosjektarbeidet med å utvikla denne Prosjektweb'en,  senda ut invitasjonar og utvikla avtalar med dei fyrste delprosjekta. Stilling for stabsmedlem nr. to vart lyst ut med søknadsfrist 15/8 - og produksjon av materiell starta. Alt me gjer nå i fyrste fase skal dokumenterast godt, slik at me kan bruka det om att etter kvart som talet på delprosjekt aukar. 

Prosjektleiar Line Grønstad er i innspurten med sitt doktorgradsarbeid (kulturvitskap) og går "berre" inn på deltid nå i starten.  Vikar blir Bjørn Enes, leiar og ein av grunnleggarane av Memoar. 

Offisiell start tirsdag 27. august:
Det skal skje i Nesbyen i Hallingdal. Der skal fyrst styringskomiteen møtast: Line Esborg og Audun kjem med tog frå Oslo, Anne Marie Kollhus bur på Nesbyen og tar imot oss på perrongen, Bjørn Enes og Line Førre Grønstad kjem med tog frå Bergen. Med andre ord - ein prosjektstart med karbonutslepp 0 :-) 

Styringskomiteen skal gjera dei formelle vedtaka som prosjektstaben har førebudd -  viktigast blir nok  vedtak om kven som skal tilsetjast som prosjektmedarbeidar nummer 2.  

Idéstorm om munnleg historie i Hallingdal:
Kl. 13:30 har me - i samarbeid med Nesbyen Historielag og Hallingdal Museum - invitert til ein idédugnad eller -storm i Høvahuset på Hallingdal Museum. Saman med frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar i dalen skal me utveksla erfaringar og idéar om immateriell kulturarv og munnleg historie.  Kva er det? Kva bør dokumenterast og bevarast? Korleis kan  det gjerast?

Sjå detaljar om dette arrangementet på delprosjektsida Hallingdal.memoar.no 

Fyrste delprosjekt: Sunnhordland 29. august

Saman med Sunnhordland Museum starta me delprosjekt Sunnhordland med to dagar intervjuopptak og ein dag kurs på Stord. Meir detaljar om dette kurset kan du lesa på delprosjektsida Sunnhordland.memoar.no

Andre delprosjekt: Kvalfangst i Innlandet (!)
Norsk kvalfangst er mellom dei delane av historia der det hastar med å samla munnleg kjeldemateriale.  Ikkje alle veit at ein stor del av dei som vart rekrutterte til kvalfangst i Sørisen fram til den næringsvegen vart avvikla på 1960-talet, kom frå Hedmark og Oppland. Dette vil no Innlandsavdelingen av "Øyas venner"  (øya er i dette tilfellet Sør-Georgia) gjera noko med, saman med Utvandrarmuseet om Memoar/Munnleg historie for alle. Det går mot kuirs og ei fyrste økt med intervjuopptak i Hamar tredje helga i september. Meir informasjon kjem! 




Undersider (1): Meir om prosjektet
Ċ
Bjørn Enes,
1. aug. 2019, 00:24
Comments