Framside

Munnleg historie for alle: 
Alle som er interesserte i immateriell kulturarv er no velkomne til samarbeid om innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av munnleg kjeldemateriale om vår tid og manns minne. 

Med solid støtte frå Sparebankstiftelsen DnB skal Memoar samarbeida med frivillige og profesjonelle over heile landet og kurs, intervjuinnsamlingar, dokumentasjons- og formidlingsprosjekt. 

Mest aktuelle samarbeidspartnarar er:
  •  historie- og sogelag, 
  • Fortidsminneforeiningar, 
  • museumslag og veneforeiningar, 
  • mållag 
  • og liknande frivillige organisasjonar, 
  • musé, bilbiotek og arkiv, 
  • skular  og andre utdanningsintstitusjonar

Ta gjerne kontakt for å lansera samarbeidsidear!
 

"Stille start" torsdag 1. august:
Mykje skal på plass før prosjektet er "i tralt":  Prosjektweb'en skal bli ferdig,  invitasjonar skal ut og avtalar utviklast, stabsmedlem nr. to skal tilsetjast, materiell skal produserast. Og alt me gjer nå i fyrste fase skal dokumenterast godt, slik at me kan bruka det om att etter kvart som talet på delprosjekt aukar. 

Prosjektleiar Line Grønstad er i innspurten med sitt doktorgradsarbeid (kulturvitskap) og går "berre" inn åp¨å deltid nå i starten.  Vikar blir Bjørn Enes, leiar og ein av grunnleggarane av Memoar. 

Offisiell start tirsdag 27. august:
Det skal skje i Nesbyen i Hallingdal. Der skal styringskomiteen møtast for fyrste gong: Line Esborg og Audun kjem med tog frå Oslo, Anne Marie Kollhus bur på Nesbyen og tar imot oss på perrongen, Bjørn Enes og Line Førre Grønstad kjem med tog frå Bergen. Med andre ord - ein prosjektstart med karbonutslepp 0 :-) 

Styringskomiteen skal gjera dei formelle vedtaka som prosjektstaben har førebudd -  viktigast blir nok  vedtak om kven som skal tilsetjast som prosjektmedarbeidar nummer 2.  I tillegg skal me vidareutvikla idéane om den vidare prosjektutviklinga. 

Etterpå skal me gjennomføra ei symbolsk markering av at prosjektet er i gang. Detaljar om det kjem seinare. 

Fyrste delprosjekt: Sunnhordland 29. august
Saman med Sunnhordland Museum startar me delprosjekt Sunnhordland med to dagar intervjuopptak og ein dag kurs på Stord. Meir detaljar om dette kurset kan du lesa på nettsida Sunnhordland.memoar.no

Andre delprosjekt: Kvalfangst i Innlandet (!)
Norsk kvalfangst er mellom dei delane av historia der det hastar med å samla munnleg kjeldemateriale.  Ikkje alle veit at ein stor del av dei som vart rekrutterte til kvalfangst i Sørisen fram til den næringsvegen vart avvikla på 1960-talet, kom frå Hedmark og Oppland. Dette vil no Innlandsavdelingen av "Øyas venner"  (øya er i dette tilfellet Sør-Georgia) gjera noko med, saman med Utvandrarmuseet om Memoar/Munnleg historie for alle. Det går mot kuirs og ei fyrste økt med intervjuopptak i Hamar tredje helga i september. Meir informasjon kjem! 


Munnleg historie for alle


Planlagte arrangement:

  • August 2019: Prosjektstart - Hallingdal Styringskomitemøgte Intervjuopptak Pressemelding 
    Lagt inn 30. jul. 2019, 04:29 av Bjørn Enes
  • August 2019: Sunnhordland sunnhordland.memoar.no Minner.no/sunnhordland 
    Lagt inn 30. jul. 2019, 04:28 av Bjørn Enes
  • 19-08-27: Oppstartsmarkering i Nesbyen Gjennom tre år skal dette prosjektet arbeide for å auka aktivitetane rundt innsamling, bevaring og formidling av munnleg historie i Noreg. Frå ein base i Bergen skal prosjektstaben hjelpa frivillige ...
    Lagt inn 5. aug. 2019, 07:03 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 3 av 3. Vis mer »
Comments