Arbeidslaget

Line Førre Grønstad er leiar av prosjektet "Munnleg historie for alle". Ho er kulturvitar, i innspurten av arbeidet med si doktorgrad. Ho har permisjon frå Norsk Folkemuseum, der ho er tilsett i Norsk etnologisk gransking. I månadane fram til ho er ferdig med doktorgradsarbeidet, "fjernstyrar" ho vårt prosjekt med eit deltidsengasjement, medan to nestemann vikarierar i rolla som prfosjektleiar. 
Kontakt: line@memoar.no



Bjørn Enes er frilansjournalist med bakgrunn frå industri, avis og lokalfjernsyn. Han vikarierar som prosjektleiar fram til Line er klar til å gå inn for fullt.  Han har vore frivillig medarbeidar i Memoar heilt frå starten, og har også ansvar for Sjøfartsprosjektet og for utviklinga av arbeidet i Bergen/Vestlandsregionen. 



Barbro Matre er prosjektmedarbeidar i Memoar med bakgrunn frå variert konsulent- og salsarbeid. Av utdanning er ho førskulelærar. Ho har også bakgrunn som frivillig medarbeidar i Memoar. Frå 1. oktober 2019 er ho fulltids tilsett som ansvarleg for delprosjekt i Munnleg historie for alle. 



Inger Christine Årstad er prosjektmedarbeidar i Memoar med bakgrunn frå museumsformidling, filmproduksjon og journalistikk. Ho er utdanna forklorist, og har femti prosent permisjon frå stilling som leiar av foto, fomidling og arkiv ved Mjøsmuseet, medan ho tar del i oppbygginga av Munnleg historie for alle. 

Kontakt: ic@memoar.no




Comments